Tuesday, September 16, 2008

BERGEN MANDOLINBAND gir deg Old-Time Bluegrass lørdag 20. sept.



GAMLA
Gamla Beat Bar Ons-Lør KL.15.30
Pizza, Toast, Nachos, Kaffe-Bar, Rocka
Forfriskninger & Rock´n`Roll DVD´s
Grensen 1, Inng. Møllergt. vis-à-vis Glassmagasinet
http://www.gamla.no

Lørdag 20. Sep, KL.21.00 – Inng. Kr.80,- (50 for medlemmer av OsloFolk)

Bergen Mandolinband er eit femmannsorkester beståande av Olav Christer Rossebø (mandolin og feler), Ståle Holgersen (mandolin), Gaute M. Sortland (gitar og vokal), Ingemund Askeland (munnspel og banjo) og Kjetil Olai Lundø (bass).

At alle er frå Haugesundsområdet har ikkje stoppa dei i å kalle seg nettopp Bergen Mandolinband.
At bandet kanskje burde hatt eit heilt anna namn, er dei einige i, men det var då dei alle budde i Bergen i 2001 at det starta. I starten var dei ikkje noko band, men gode venner som ville lære seg å spele mandolin, rundt eit kjøkenbord.

Det vart ganske tidlig klart at ikkje alle eigna seg som mandolinspelerar, så difor fann dei øvrige medlemma etter kvart fram til andre instrument og nokre begynte å synge. Etterkvart begynte dei å spele på festar for å gjere folk glade og ville, noko dei aldri har slutta med. Den første spelejobben og kjensla av at Bergen Mandolinband var blitt eit band, kom med morellfestivalen i Hardanger 2001.

Bergen Mandolin BandSeinare vart det meir speling og reportoaret vaks etter som åra gjekk. Dei satsa meir på eigenlaga, og stulen country og norske låtar. Sjølv om besetninga er som i bluegrass ligg dei nærare Old-time sjangeren, miksa saman med eigenlaga viser og valsar, spelt på mandolin, intrumentet med slagkrafta til ein squash-rekkert, og ubegrensa sentimental styrke!

Hausten 2008 gir Bergen Mandolinband ut si sjette plate, men si første plate på plateselskapet Grappa. Og første gong med berre norske tekstar.

http://www.myspace.com/bergenmandolinband

0 Kommentarer:

Post a Comment

<< Home